BufetatSøfteland

Miljøterapeut 100% fast

Description

Miljøterapeut

Bufetat

Arbeidsoppgåver

Skjoldvegen barnevernsenter arbeider etter rammeverket Barnets behov i sentrum. Avdelinga gode rutiner i arbeid med traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Dette i kombinasjon gjer oss betre i stand til å møte ungdomane sine behov, fremme trivsel og støtte deira utvikling i en positiv retning. Vi treng derfor at du kan;

  • Til ei kvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg og juridisk rammeverk.

  • Utarbeiding og oppfølging av planar i samarbeid med ungdom.

  • Motivera og engasjera ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverka i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.

  • Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.

  • Delta i overlapping ved vaktskifte, ha ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen.

  • Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.

  • Hovudkontaktansvar

  • Ha ekstra ansvarsområder innafor blant anna tryggleik, helse, skule, familie, kartlegging, brannvern, motiverande intervju/samtale med meir.

  • Praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vakten.

  • Delta i overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon knytt til arbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.

  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, med hovedsakleg 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.

  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.

  • God fysisk og psykisk helse.

  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.

  • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.

  • Du har gode evner til å bygge relasjonar

  • Du har evne til å la deg engasjera, og kan engasjera og motivera andre.

  • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.

  • Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.

  • Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.

  • Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.

  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.

  • Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.

  • Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.

  • Du er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000

  • 640 000 pr. år.

  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000

  • 690 000 pr. år.

  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000

  • 690 000 pr. år.

  • Løn vurderast i henhald til utdanning og arbeidserfaring.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.

  • Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland.

  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.

  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.

Ber og om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

FerdigheterAI-generert

  • Dokumentering og registrering av informasjon

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • Sektor:Offentlig

  • Sted:Haugane 15,5212Søfteland

  • Bransje:Helse og omsorg

  • Stillingsfunksjon:Barnevernspedagog,Sosionom,Vernepleier/miljøterapeut

  • Arbeidsspråk:Norsk

Nøkkelord

Sosialt arbeid, Sosialfag

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Thomas Thomassen

  • Stillingstittel:Fungerande avdelingsleiar

  • Mobil:XXX-XXX-XXXX 14

Send meldingSend SMS

Vil du jobbe hos oss?

Les om arbeidsplassenFlere stillingerFølg oss på FacebookFølg oss på LinkedInBesøk hjemmesiden vår.

Firmaets beliggenhet

Haugane 15,5212Søfteland

Annonseinformasjon

  • FINN-kode457282775

  • Sist endret25.3.2026, 10:27

Rapporter annonse

Want AI to find more roles like this?

Upload your CV once. Get matched to relevant assignments automatically.

Try personalized matching