Helse Vest IKTBergen

UX-designer med kompetanse på Universell Utforming

Description

UX-designer med kompetanse på Universell Utforming

Helse Vest IKT

Arbeidsoppgåver

Du vil arbeida med mange spennande oppgåver:

  • Forma nye, og forbetra eksisterande løysingar som skaper heilskaplege brukaropplevingar

  • Bidra til at løysingane blir universelt utforma

  • Aktivt bruka designmetodikk for å sikra at behova til brukaren blir ivaretekne

  • Gjennomføre intervju, workshops, observasjon og brukartestar

  • Utarbeide konsept, designforslag og prototypar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning (særs relevant erfaring kan i nokon høve erstatte formell kompetanse)

  • Erfaring med metodar og teknikkar innan brukarinnsikt

  • Har eit auge for inkluderande design

  • God kompetanse på WCAG og universell utforming

  • Det er ein fordel om du er en kløpper i Figma!

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Entusiasme for fagfeltet og empati for brukarane

  • Sjølvgåande, men trivst best med å jobba i team

  • Trivest med variasjon og byta mellom oppgåver

  • Kreativ og glad i å finna gode løysingar saman med andre

  • God til å lytta og setja deg inn i problemstillingane til andre

  • Audmyk for ekspertisen til andre innan deira fagfelt

  • Nøye på kvalitet i leveransane

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje

  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette

  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj

  • Løn etter avtale

  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

FerdigheterAI-generert

  • Brukerdesign

  • Brukeropplevelse

  • Kundeinnsikt

  • Prototype

  • Universell utforming

  • WCAG

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

  • Sektor:Offentlig

  • Antall stillinger:2

  • Sted:Bjørnsons gate 29,5052Bergen

  • Bransje:Helse og omsorg,IT

  • Stillingsfunksjon:Interaksjonsdesign,UX-design

  • Arbeidsspråk:Norsk

Nøkkelord

UX-design, Universell Utforming, Interaksjonsdesign, Brukervennlighet, Helseteknologi

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Merethe Heggset

  • Stillingstittel:Gruppeleiar

  • Mobil:XXX-XXX-XXXX 87

Det kan hende du er livsviktig

Les om arbeidsplassenFlere stillingerLinkedInFacebookSøk jobb hos oss

Firmaets beliggenhet

Bjørnsons gate 29,5052Bergen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode457106130

  • Sist endret24.3.2026, 09:20

Rapporter annonse

Want AI to find more roles like this?

Upload your CV once. Get matched to relevant assignments automatically.

Try personalized matching