Alver kommuneIsdalstø

Ver med oss i Alver kommune og gjer ein forskjell som nattevakt! Vi søker sjukepleiarar med lidenskap for eldreomsorg.

Description

Sjukepleier natt - Knarvik Sjukeheim

Alver kommune

Om stillinga

Me har ledig 50-80% fast stilling på natt. Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000kr over tariff, og som nattevakt vil du også ha funksjonstillegg.

Om oss

Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3, men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen.

Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar:

  • Avdeling 1: Langtidsplass somatisk

  • Avdeling 2: Langtidsplass somatisk og korttidsplassar

  • Avdeling 3: Korttidsplassar

For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg.

På korttidsplassane er det  pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester.

Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde.

Krav til stillinga

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

  • Beherske godt munnleg og skriftleg norsk språk. B2 nivå for sjukepleiarar.

  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy.

  • Erfaring frå eldreomsorga.

  • Erfaring med nattarbeid er ynskjeleg

Arbeidsoppgåver

  • Omsorgsfull og forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner

  • Veiledning av kollegaer

  • Samarbeid med pårørende, og på tvers av tenestane i kommunen

  • Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane

  • Være aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar

  • Følge opp tiltaksplaner på natt

Kven er du?

  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid

  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press

  • Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging

  • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar

  • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar

  • Er fleksibel og løysingsorientert

Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande

  • Oppfølging og rettleiing

  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle

  • God pensjonsordning i KLP

  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

FerdigheterAI-generert

  • Digitale ferdigheter

  • Eldreomsorg

Om arbeidsgiveren

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter. Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim og Velferdssenteret på Manger.Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og organisert i sjukeheimstenesta.

  • Sektor:Offentlig

  • Sted:Kvernhushaugane 7,5914Isdalstø

  • Bransje:Helse og omsorg

  • Stillingsfunksjon:Helsepersonell,Sykepleier

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Amanda Kvernøy

  • Stillingstittel:Einingsleiar

  • Mobil:XXX-XXX-XXXX 89

Send meldingSend SMS

Firmaets beliggenhet

Kvernhushaugane 7,5914Isdalstø

Annonseinformasjon

  • FINN-kode456969328

  • Sist endret23.3.2026, 12:31

Rapporter annonse

Want AI to find more roles like this?

Upload your CV once. Get matched to relevant assignments automatically.

Try personalized matching