Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Description
Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Møre og Romsdal fylkeskommune
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar får du ansvar for drift og utvikling av klinikken, med personal-, HMS- og fagansvar. Du skal motivere og leie eit breitt samansett tannhelsefagleg miljø, sikre godt samarbeid internt og eksternt, og bidra til ei framtidsretta tannhelseteneste i tråd med samfunnsoppdraget.
Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, med gode høve for fagleg utvikling. Stillinga kombinerast med klinisk verksemd.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har f.t. 8 tannlegar, 3 tannpleiarar, 6 tannhelsesekretærar og 4 assistentar, samt spesialist i oralkirurgi.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som tannlege.
Klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging.
God forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit.
Ønskeleg med relevant leiarerfaring.
God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
Digital kompetanse og tilpassingsevne i møte med nye teknologiske løysingar og arbeidsprosessar.
Personlege eigenskapar
Du er ein løysingsorientert teambyggar med evne til å leie, motivere og bygge tillit.
Du er resultatorientert, strukturert og med evne til strategisk og langsiktig tenking.
Du har endringsvilje, er utviklingsorientert og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Gode høve for fagleg utvikling, både odontologisk og innanfor leiing.
Lønn etter avtale.
Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
Trivelege medarbeidarar.
Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP.
FerdigheterAI-generert
Digitale ferdigheter
Forbedre og utvikle tjenestene
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og RomsdalInteressert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Sektor:Offentlig
Sted:Fosnagata 12,6509Kristiansund N
Bransje:Helse og omsorg
Stillingsfunksjon:Ledelse,Tannhelse
Arbeidsspråk:Norsk
Nøkkelord
Kristiansund, Klinikkleder, Nordmøre, Leder, Ledelse
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:Sara Rutley
Stillingstittel:Overtannlege Kristiansund kompetanseregion
Mobil:XXX-XXX-XXXX 53
Kontaktperson:Tone Nord
Stillingstittel:Fylkestannlege
Mobil:XXX-XXX-XXXX 00
Firmaets beliggenhet
Fosnagata 12,6509Kristiansund N
Annonseinformasjon
FINN-kode456868971
Sist endret22.3.2026, 19:15
Rapporter annonse
Want AI to find more roles like this?
Upload your CV once. Get matched to relevant assignments automatically.