Vil du vere med å koordinere utvikling av nasjonale IT-system
Description
Rådgivar/seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg med relevant erfaring og utdanning på bachelornivå. Dersom du har solid erfaring frå teknologiarbeid og kan vise til gode resultat, kan dette kompensere for utdanningskravet.
Vi ser primært etter kandidatar med
god forståelse for både organisasjonens oppgåver og behov, og teknologi
erfaring frå prosjekt og tverrfagleg samarbeid
kjennskap til Office 365, spesielt SharePoint og Teams
kjennskap til bruk av kunstig intelligens og Copilot
evne til å omsette behov og mål til konkrete tiltak
kjennskap til IT-tenestestyring
erfaring med bruk av data og datadeling
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
har strategisk tankesett og evne til å sjå heilskap og samanhengar
er omgjengeleg, samarbeidsorientert og trygg i dialog med ulike fagmiljø
har sterke samarbeidsevner og god gjennomføringsevne
er komfortabel med å ta ein tydeleg rolle i grenseflatene mellom miljøer
Du må rekne med noko reising i samband med jobben.
Kvifor skal du velje oss?
Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid.Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset.Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, det betyr at du får ei av Norges beste pensjonsordningar. Vi er og ei IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv).
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Verd å merke seg
Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364.
Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse i bedrifta, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
FerdigheterAI-generert
IT Service Management (ITSM)™
Koordinere prosjekter og forbedringsaktiviteter for IT - løsninger
Kunstig intelligens
Microsoft 365
Microsoft SharePoint
Microsoft Teams
Tilgang til og analyse av digitale data
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
Sektor:Offentlig
Sted:Storehagen 1B,6800Førde
Hjemmekontor:Delvis hjemmekontor
Bransje:IT,Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon:Koordinering,Utvikler (generell)
Arbeidsspråk:Norsk
Nøkkelord
IT, Koordinator, Utvikling, Strategisk, Førde
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:Falk Michael Tewes
Stillingstittel:Fagdirektør IT og dokumenthandtering
Mobil:XXX-XXX-XXXX 48
Send meldingSend SMS
Firmaets beliggenhet
Storehagen 1B,6800Førde
Annonseinformasjon
FINN-kode455741558
Sist endret16.3.2026, 10:15
Rapporter annonse