Testleiar
Description
Testleiar
Helse Vest IKT
Frist15.3.2026
AnsettelsesformFast
Arbeidsoppgåver
Leie og gjennomføre testaktivitetar.
Testleiing, testplanlegging, testing og rapportering.
Testrådgjeving.
Bidra til fagleg utvikling
Kvalifikasjonar
Dette er ønska kvalifikasjonar, men det er ikkje eit krav at du oppfyller alle desse:
Relevant høgare utdanning innan IT.
Erfaring med testleiing.
Erfaring frå helsesektoren.
ISTQB-sertifiseringar.
Erfaring med testing av UX og UU.
Erfaring med bruk av testverktøy.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk (skandinaviske språk kan aksepterast).
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på personlige eigenskapar og ser etter deg som:
kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
har gode samarbeidsevner, viser initiativ og er proaktiv.
kan koordinere og er god til å følgje opp.
har god struktur i arbeidet ditt.
evnar å lytte og forstå.
kan sørgje for god dialog med relevante ressursar hos helseføretak, leverandør og teknisk personell.
klarar å levere under press.
ønsker å dele din kompetanse med dine kollegaer..
trivst i grensesnittet mellom teknologi og brukarmiljø.
evnar å sette deg inn i detaljar og samstundes ha overblikk.
Vi tilbyr
Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faggrupper, fagdagar, seminar og kurs.
Eit stabilt og sterkt fagmiljø både lokalt og i regionalt samarbeid med andre helseregionar.
Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
Løn etter avtale.
Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtes fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrer alle søkere til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Dersom du har utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor:Offentlig
Sted:Bjørnsons gate 29,5052Bergen
Flere arbeidssteder:Professor Olav Hanssensvei 7A,4021Stavanger,Øvregata 126,5527Haugesund
Bransje:Helse og omsorg,IT
Stillingsfunksjon:Utvikler (generell)
Arbeidsspråk:Norsk
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:Trude Kristin Kjelby Antoniazzi
Stillingstittel:Gruppeleder
Mobil:XXX-XXX-XXXX 63
Kontaktperson:Bente Saltnes
Stillingstittel:Seksjonsleiar
Mobil:XXX-XXX-XXXX 97
Det kan hende du er livsviktig
Les om arbeidsplassenFlere stillingerLinkedInFacebookSøk jobb hos oss
Firmaets beliggenhet
Bjørnsons gate 29,5052Bergen
Annonseinformasjon
FINN-kode451948345
Sist endret20.2.2026, 15:51
Rapporter annonse