Statens vegvesenBergen

Vil du byggje gode datagrunnlag – utan å bli ein rein plattformutviklar?

Description

Data engineer med databasefokus

Statens vegvesen

  • Frist2.3.2026

  • AnsettelsesformFast

Arbeidsoppgåver

  • Tilretteleggje data frå ulike system for analyse og innsikt

  • Skrive og optimalisere avanserte SQL-spørringar

  • Utvikle gode datamodellar og strukturerte datasett

  • Støtte analyse‑ og BI‑team med gjenbrukbare og kvalitetssikra datauttrekk

  • Byggje og vedlikehalde enkle dataflytar og automatiserte prosessar (ELT/ETL light)

  • Samarbeide tett med systemforvaltarar, analytikarar og systemeigarar for å forstå behov og omsette dei til tekniske løysingar

  • Bidra med forbetringsforslag, dokumentasjon og testing av nye verktøy og metodar

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle - for deg og meg - og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering - vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.

  • God pensjonsordning og lån - trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.

  • Trening i arbeidstida - moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.

  • Fagleg påfyll - mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/ansattgoder/)

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelorgrad innan matematiske, økonomiske eller tekniske fag, gjerne med relevante spesialiseringar. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

  • Erfaring med SQL og relasjonsdatabasar

  • Erfaring med datamodellering, datastrukturar og analysevennlege modellar

  • Erfaring med ELT/ETL‑prosessar

  • Kompetanse i Python på script‑nivå til databehandling/automatisering

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du òg har:

  • Kjennskap til DataOps/DevOps

  • Forståing for informasjonssikkerheit, datakvalitet og personvern

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, rår vi til autorisert omsetjing av dokumenta dine og godkjenning frå HKDIR.

Stillinga føreset at du kan autoriserast til BEGRENSET etter sikkerheitslova sine bestemmelsar før tilsetjing.Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er sikkerheitsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Vi trur at du lukkast hos oss dersom du er:

  • God til å samarbeide og i stand til å formidle teknisk innhald på ein forståeleg måte

  • Praktisk og målretta i arbeidet med data, og trivst med å forstå underliggjande datamodellar og gjere dei nyttige for andre

  • Sjølvdriven og initiativrik - du tek ansvar, jobbar sjølvstendig og ser moglegheiter for forbetring

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.

Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

FerdigheterAI-generert

  • Arbeid med datapipelines

  • Data struktur

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.Divisjon Trafikant og køyretøy (TK) har ansvar for det meste av det som har med førarkort og køyretøy å gjera i dette landet. Me utviklar regelverket innan våre fagfelt og kontrollerer at dette blir følgt av trafikantar, bileigarar, verkstader, trafikkskular og transportbedrifter. Me har rundt 1400 tilsette over heile landet og møter publikum kvar dag, både fysisk, i telefonen og digitalt. Dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre gjer at me er tilgjengeleg heile tida.Me jobbar kvar dag for at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken.

  • Sektor:Offentlig

  • Sted:Nygårdsgaten 112,5008Bergen

  • Bransje:Offentlig administrasjon

  • Stillingsfunksjon:Analyse,Database,Rådgivning

Nøkkelord

dataingeniør, datamodellering, sql, python, relasjonsdatabaser

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Nina Eiri

  • Stillingstittel:Avdelingsdirektør

  • Mobil:XXX-XXX-XXXX 09

Bli med og vis vei

Les om arbeidsplassenFlere stillingerJobb i Statens vegvesenFølg oss på LinkedInLes mer om oss

Firmaets beliggenhet

Nygårdsgaten 112,5008Bergen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode451305242

  • Sist endret16.2.2026, 08:22

Rapporter annonse

Skills

PythonSQLEtlDevOps