IKT og Dokumentsenter
Description
Rådgjevar 100% prosjektstilling ny EPJ
Øygarden kommune
Frist25.02.2026
AnsettelsesformProsjekt
Arbeidsoppgåver:
Opplæring
System bygging
Rydding og klargjering av data
Rutine skriving
Endre og etablere ny arbeidsmetodikk
Kvalifikasjonar:
Helsefagleg kompetanse på høgskulenivåRelevant erfaring og bakgrunn kan kompensere for dette
Høg IKT- og systemkompetanse
Kunnskap og erfaring knytt til systemansvar er ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
Ønskjeleg med:
Erfaring frå kommunal forvaltning
Ønskjeleg med erfaring knytt til drift av EPJ system
Kunnskap om sentrale føringar innan e-Helse
Erfaring frå prosjektleiing og utviklingsarbeid knytt til IKT
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjon- og samhandlings eigenskapar
Samarbeidsevne du gjer dine kollegaer gode
Utviklingsorientert og evne til å tenkje heilskapleg
Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring
Høg arbeidskapasitet
Evne til å lytte og gi tilbakemeldingar, samtidig som du er tydeleg på egne vurderingar
Anna:
Ynskjeleg med førarkort klasse B
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
IA bedrift
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
- XXXX XXXX, Stabsleiar IKT og dokumentsenter 90968686
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
Helsevitenskap
Teknisk IT kompetanse
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Sektor:Offentlig
Sted:Foldnesvegen 2,5354Straume
Bransje:Helse og omsorg,IT,Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon:Helsepersonell,Rådgivning,Utvikler (generell)
Nøkkelord
rådgiver, helsepersonell, prosjektmedarbeider, ikt, sykepleier
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:XXXX XXXX
Mobil:XXX-XXX-XXXX 86
Send meldingSend SMS
Firmaets beliggenhet
Foldnesvegen 2,5354Straume
Annonseinformasjon
FINN-kode450632637
Sist endret12.2.2026, 09:50
Rapporter annonse