Rådgivar applikasjonsforvaltning
Description
Rådgivar applikasjonsforvaltning
Møre og Romsdal fylkeskommune
Frist02.03.2026
AnsettelsesformFast
Arbeidsoppgåver
vurdere og risikovurdere nye applikasjonar opp mot eksisterande applikasjonsportefølje med mål om forenkling og standardisering
vere ein koordinator mellom ulike aktørar ved nye applikasjonsbehov, til dømes skoleeigar, skolane, IT, juridisk seksjon
vurdere databehandlaravtalar og andre avtalar som regulerer at informasjonssikkerheit og personvern er i tråd med gjeldande regelverk
bidra til utvikling og vedlikehald av rammeverket for applikasjonsforvaltning i samarbeid med IT-seksjonen
rådgiving og opplæring
vere personvernkoordinator for kompetanse- og næringsavdelinga
Kvalifikasjonar
høgare utdanning innan juridiske fag og/eller fagområdet informasjonssikkerheit og personvern
god forståing for bruk av digitale løysingar i arbeidsprosessar
erfaring frå handtering av oppgåver knytt til applikasjonsforvaltning og databehandlaravtalar
gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vedkommande
er initiativrik, sjølvgåande, systematisk og strukturert
er fleksibel og har evne til å arbeide heilskapleg og prosessorientert
har evne til å bygge nettverk og vedlikehalde relasjonar som grunnlag for langsiktig og velfungerande samarbeid
evner å kommunisere og samarbeide effektivt med medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn
opptrer profesjonelt med høg grad av
kan setje seg inn i andre sine behov og vere ein støttespelar og fasilitator for applikasjonsforvalting og anna digitaliseringsarbeid, spesielt skolane
Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein kvalitets- og resultatorientert organisasjon med tydeleg kultur for læring og utvikling. Vi skal kontinuerleg utvikle tenestene og rollene som fylkeskommunen har. Møre og Romsdal fylkeskommune stiller krav om at du er ein tydeleg medspelar.
Vi tilbyr
Fleksitid
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
Løn etter avtale
Vi legg til rette for kompetanseutvikling etter behov
Om arbeidsplassen
Stillinga ligg til Stab for organisasjon og tenesteutvikling. Avdelinga består av HR-seksjonen, kommunikasjonsseksjonen, digitaliseringsseksjonen og IT-seksjonen. Denne stillinga er plassert i digitaliseringsseksjonen, men vil ha nært samarbeid IT-seksjonen, Stab for juridiske og administrative tenester, kompetanse- og næringsavdelinga og skolane, Avdelinga har arbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Til denne stillinga ønskjer vi primært lokalisering i Molde eller Kristiansund, men med riktig kandidat kan arbeidsstad i Ålesund også vurderast.
FerdigheterAI-generert
Applikasjonsforvaltning
Behandle søknader
Digitale ferdigheter
Gode norsk- og engelskkunnskaper
Informasjonssikkerhet
Juridisk kompetanse
Risikovurdering
Risikovurdering (forsikring)
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling - Møre og Romsdal fylkeskommune
Sektor:Offentlig
Sted:Julsundvegen 9,6412Molde
Bransje:IT,Juridiske tjenester,Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon:IT-sikkerhet,Personvernrådgiver,Rådgivning
Arbeidsspråk:Norsk
Nøkkelord
Personvern, informasjonssikkerhet, applikasjonsforvaltning
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:Dagfinn Grønvik
Stillingstittel:None
Mobil:XXX-XXX-XXXX 24
Send meldingSend SMS
Kontaktperson:Dag Lervik
Stillingstittel:Organisasjonssjef
Mobil:XXX-XXX-XXXX 38
Firmaets beliggenhet
Julsundvegen 9,6412Molde
Annonseinformasjon
FINN-kode450573929
Sist endret11.2.2026, 10:46
Rapporter annonse