Vestland fylkeskommuneBergen

Rådgjevar / forretningsarkitekt

Description

Rådgjevar

Vestland fylkeskommune

  • Frist01.03.2026

  • AnsettelsesformFast

Arbeidsoppgåver

I denne rolla skal du mellom anna:

  • Utvikle og forvalte Skyss sine digitale avtalar og datakontraktar med operatørane, saman med kollegaer i Skyss og kollegaer i andre offentleg eigde kollektivselskap.

  • Kartlegge og beskrive korleis informasjon skal flyte mellom køyretøy/fartøy, operatørar, Skyss og kunderetta løysingar (sanntid, avvik, billettering m.m.).

  • Omsette strategiar og behov frå forretninga til konkrete krav til data, grensesnitt og digitale tenester som kan utviklast av produktteam og leverandørar.

  • Vere prosessleiar for arbeid med digitale avtalar, og sikre involvering frå eigarar, operatørar, juss- og teknologimiljø.

  • Bidra i anskaffingar ved å formulere og kvalitetssikre krav til data, API-ar, integrasjonar og informasjonskvalitet i anbod og kontraktar.

  • Lage enkle prosess- og informasjonsmodellar som gjer det lett for fagmiljø, leiarar og leverandørar å forstå korleis løysingane heng saman.

  • Følge opp og vidareutvikle felles strategiar, standardar og vegkart for digitale avtalar og grensesnitt i Skyss og i samarbeid med resten av kollektivbransjen.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde (teknologi, økonomi, samfunnsfag, juss eller liknande). Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan òg bli vurderte. Då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.

  • God forståing for eller interesse for data- og informasjonsarkitektur og korleis data kan bli brukt til å skape betre tenester for dei reisande.

  • Erfaring frå arbeid med avtalar, prosessar eller standardiserte grensesnitt, gjerne frå kollektiv-/mobilitetsbransjen eller liknande.

  • Kjennskap til digitale løysingar og plattformer, og evne til å snakke forståeleg med både forretning og teknologar.

  • Det er ein fordel om du har erfaring frå prosjekt- eller produktarbeid.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Evne til å skape tillit hos både interne og eksterne partnarar

  • Motiverer andre, tar initiativ og liker å drive prosessar framover på ein strukturert måte

  • Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert og gjere komplekse problemstillingar enkle å forstå

  • Trivst med tverrfagleg arbeid og med å vere bindeledd mellom forretning, teknologi, operatørar og eigarar

  • Ser heilskap og samanhengar, men kan òg gå i detalj når det trengst for å sikre kvalitet i avtalar og løysingar

  • Er sjølvgåande, ansvarleg og ein pådrivar for at ting faktisk blir gjennomført

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad

  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og tett samarbeid på tvers av fagområde

  • Moglegheit for fagleg utvikling

  • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til noko heimekontor etter avtale

  • Løn etter avtale

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

  • Arbeidsstad i Bergen, Førde eller Leikanger

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk

  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder

  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

FerdigheterAI-generert

  • Application Programming Interfaces (APIs)

  • Digitale ferdigheter

  • Grensesnitt

  • Informasjonsarkitektur

  • Kontraktshåndtering

  • Kunnskap om teknologi

  • Prosessmodellering

  • Utforming av kontrakter

Om arbeidsgiveren

Om SkyssSkyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

  • Sektor:Offentlig

  • Sted:Lars Hilles gate 22,5008Bergen

  • Bransje:Annet,Offentlig administrasjon,Transport og logistikk

  • Stillingsfunksjon:Dataarktitekt,Kontor og administrasjon,Rådgivning

  • Arbeidsspråk:Norsk

Nøkkelord

Skyss, Kollektivtransport, Samferdsel, Infrastruktur, Forretningsutvikler

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Camilla Selch

  • Stillingstittel:leiar Digital transformasjon og teknologi

  • Mobil:XXX-XXX-XXXX 12

Send meldingSend SMS

Firmaets beliggenhet

Lars Hilles gate 22,5008Bergen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode449635926

  • Sist endret5.2.2026, 10:45

Rapporter annonse