Vil du vere med og prege framtida til ein sjølvstendig lokalbank? Valle Sparebank søkjer IT-ansvarleg!
Description
IT-ansvarleg
Valle Sparebank
Frist29.1.2026
AnsettelsesformFast
Kvifor jobbe i Valle?
I Valle Sparebank blir du del av eit lite, men svært kompetent miljø - og ein organisasjon med høg trivsel, stoltheit og sterke verdiar. Her får du ei sentral rolle i leiargruppa, med ansvar for alt frå strategisk IT-styring til praktisk oppfølging av infrastruktur - i tett samarbeid med Eika, som leverer bankens felles system, plattformer og malverk.
Du skal ikkje utvikle løysingar sjølv, men vere bankens faglege motor for trygg drift, sikkerheit og regulatorisk etterleving. Elles tilbyr vi:
Ein framtidsretta og solid arbeidsplass
Ein variert kvardag med stor påverknadskraft
Fleksitid og inkluderande arbeidsmiljø
Svært god pensjonsordning
Helseforsikring, gruppeliv og utvida reiseforsikring
Attraktive lånebetingelsar
Dette er ei stilling der du får stor påverknad, korte avgjerdsvegar og tett samarbeid med kollegaer - og samstundes ein kvardag med nærleik til natur, kultur og eit levande lokalsamfunn. Valle gir ei livskvalitet mange berre draumar om. Samstundes får du jobbe i ein bank som kombinerer bygdevarme med topp moderne fagmiljø gjennom Eika-samarbeidet.
Dine ansvarsområde
Som IT-ansvarleg blir du bankens sentrale fagperson innan teknologi og sikkerheit. Du får ansvar for å:
Sikre god styring og kontroll på IKT-området
Følgje opp, stille krav til og kontrollere Eika som leverandør og tenestepartnar
Sikre lokal infrastruktur i tråd med Eika-standardar
Førebyggje risiko og sikre etterleving av regelverk som og DORA
Bidra med opplæring, internkontroll og gode digitale vanar på tvers av organisasjonen
Ha ansvar for informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitspolicyar
Bistå med praktiske IT-oppgåver knytt til maskinvare, tilgangsstyring og lokal infrastruktur
Sikre implementering av Eikas produkt og løysingar
Du blir ein viktig rådgivar i leiargruppa og får ei tydeleg stemme i bankens vidare digitale utvikling.
Kven ser vi etter?
Du er strukturert, analytisk og trygg i rolla som fagspesialist. Du likar å kombinere strategisk arbeid med tett samarbeid og praktisk problemløysing. Du trivst i rolla som kultur- og kompetanseberar for gode digitale og sikre arbeidsvanar. Vi ser gjerne at du har:
Erfaring frå IT- og/eller sikkerheitsansvar
Høgare utdanning innan informasjonsteknologi
God kunnskap om
Kjennskap til informasjonssikkerheit og risikostyring, gjerne frå bank eller anna regulert verksemd
Personlege eigenskapar som analytisk styrke, struktur, samarbeidsevne og gjennomføringsevne vil vere viktige for å lukkast i rolla. Vi ser fram til å høyre frå deg - enten du bur i Setesdal, vurderer å flytte tilbake, eller ønskjer eit nytt kapittel i livet med meir natur, ro og nærleik, utan å gi slepp på ei spennande fagrolle.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, på tlf. XXX-XXX-XXXX 78 eller e-post: inquiries@consultant.dev. Alle førespurnader blir handsama konfidensielt, også overfor oppdragsgivar dersom det er ønskjeleg.
Les meir om stillinga i dette artikkelintervjuet: https://www.personalhuset.no/stilling/valle-sparebank
FerdigheterAI-generert
General Data Protection Regulation ()
IKT-infrastruktur
Informasjonssikkerhet
Internkontroll
IT-strategi
Regulatory compliance
Risikostyring
Sikkerhetsadministrasjon
Om arbeidsgiveren
Valle Sparebank er ein solid og sjølvstendig lokalbank midt i Setesdal, med sterke røter i lokalsamfunnet og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Banken har 19 medarbeidarar som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, verdiskaping og gode kundeopplevingar for både privatpersonar og næringsliv. Gjennom Eika-alliansen får Valle Sparebank tilgang til moderne banktenester, robuste systemløysingar og eit sterkt fagmiljø - samstundes som banken held på nærleiken, fleksibiliteten og avgjerdskrafta som kjenneteiknar ein ekte lokalbank. Banken er kjend for høg trivsel, eit godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar som ønskjer å gjere ein skilnad for kundane og bygda. Valle Sparebank står støtt og er godt rusta for framtida. Les meir på www.valle-sparebank.no.
Sektor:Privat
Sted:Nordibøvegen 141,4747Valle
Flere arbeidssteder:4846Arendal,4885Grimstad,4610Kristiansand S
Bransje:Annet,Bank, finans og forsikring,IT
Stillingsfunksjon:Drift/Operations,IT-sikkerhet,IT-support
Nøkkelord
IKT-Drift, IKT-ansvarlig, IT Security Policies,, IT administration
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:Knut Handeland
Stillingstittel:Avdelingsleder og seniorrådgiver Search & Selection
Mobil:XXX-XXX-XXXX 78
Send meldingSend SMS
Firmaets beliggenhet
Nordibøvegen 141,4747Valle
Annonseinformasjon
FINN-kode444037316
Sist endret2.1.2026, 19:46
Rapporter annonse