Lyst å være ein del av våre autonome produktteam som jobbar med framtidsretta løysingar som EU-lommebok?
Description
Javautviklere
Digitaliseringsdirektoratet
Frist14.1.2026
AnsettelsesformFast
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene din vil være produktutvikling i tverrfagleg produktteam. Du vil samen med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkter og kontinuerleg forbetring av disse over tid. Du bidrar til å bygge løysningar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.
Kvalifikasjonar
Du må :
Ha høyere, relevant utdanning på høyskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglende utdanning.
Være kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvåkning og testing.
Ha kunnskap om systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
Ha gode muntlige og skriftlige norskkunnskaper.
Stillingen krever at du må autoriseres for BEGRENSET etter bestemmelsene i sikkerhetsloven.
Det er også ønskelig med:
Erfaring fra å jobbe i tverrfaglige team med kontinuerlige leveranser, inklusiv relevante støttesystem som for eksempel Jira og GitHub.
Kunnskap om offentleg forvalting generelt og kjennskap til norsk eID-forvalting spesielt.
Erfaring med drift og utvikling av sky- og container-baserte applikasjonar, spesielt Kubernetes
Personlege eigenskapar
Du blir ein del av eit lag og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt.
Det er derfor viktig at du
kan jobbe sjølvstendig og i team
tek initiativ når du ser nye moglegheiter
er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk
Vi tilbyr
eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
familievennleg personalpolitikk
lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 624 000 - kr 1 025 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar (https://spk.no/medlemskap-i-spk)
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise).
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn StenehjemE-post: inquiries@consultant.dev: 91146279
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
FerdigheterAI-generert
Java (Programmeringsspråk)
Kotlin
React.js
Spring Framework (Java)
Om arbeidsgiveren
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 475 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor:Offentlig
Antall stillinger:2
Sted:Askedalen 4,6863Leikanger
Bransje:IT,IT - programvare,Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon:App utvikler,Front-end,Utvikler (generell)
Nøkkelord
java, systemutvikling, eu lommebok, eIDAS, kubernetes
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson:Jørn Stenehjem
Stillingstittel:Seksjonssjef
Mobil:XXX-XXX-XXXX 79
Send meldingSend SMS
Kontaktperson:Frank Hofslundsengen
Stillingstittel:Gruppeleiar
Mobil:XXX-XXX-XXXX 94
Send meldingSend SMS
Firmaets beliggenhet
Askedalen 4,6863Leikanger
Annonseinformasjon
FINN-kode442844989
Sist endret22.12.2025, 08:17
Rapporter annonse